lirik lagu dette landet – odd nordstoga
ville berre sei eit ord
ville peike på eit spor
ville skru musikken ned og gje beskjed
ville leite fram ei sak
som ligg og støvar ned der bak
som er sann om den er gløymd og skitna til
ville sei deg som min bror
dette landet er di mor
ville seia det av glede og av trong
til å minnast den fine og heimlege hamn
som gjev luft og vide venger for min song
skulle gjerne nok ein gong
syngje fjellets store song
om breane og viddene og snøen
men eg vender blikket ned
og så stansar eg ved det
som gror av tr-ss og vilje utpå bøen
ville sei deg som min bror
dette landet er di mor
ville sei det som eg meinte det eg sa
som eg tok av meg lua for blomar og blad
og takka det frå inni meg ein stad
og alltid er det lite me kan gjera
for noreg er ein liten prikk i nord
men paven er ein liten prikk i roma
så slik sett så er kongen like stor
det er ‘kje sant at her er lite, me er mange
det er ‘kje sant at her er smått, nei her er stort
og det er sant det, at me elskar dette landet
og den du møter etter vegen er din bror
ville berre sei eit ord
ville peike på eit spor
ei bøn ifrå den store blåe jord
ifrå skog og ifrå hav
ifrå alt me haustar av
at me snart må finne vegen ut av ord
for det ropar til oss, bror
dette landet er vår mor!
for det ropar på vår ære og vårt band
til å vara den fine og heimlege hamn
som lyser oss imot og er vårt land
lirik lagu lainnya :
- kumpulan lirik lagu dob ford › lirik lagu noctambule – dob ford
- kumpulan lirik lagu sean paul › lirik lagu she so – sean paul
- kumpulan lirik lagu dina el wedidi › lirik lagu el haram (sin) – dina el wedidi
- kumpulan lirik lagu bakari › lirik lagu comme les autres – bakari
- kumpulan lirik lagu y57 › lirik lagu space – y$57
- kumpulan lirik lagu officialvintage › lirik lagu blocking em – officialvintage
- kumpulan lirik lagu yrn quiet › lirik lagu on you – yrn quiet
- kumpulan lirik lagu offset › lirik lagu duffle bag – offset
- kumpulan lirik lagu barry mcguire › lirik lagu eve of destruction / don’t blame god / ii chronicles 7:14 – barry mcguire
- kumpulan lirik lagu itserikson › lirik lagu sorry, i tried – itserikson