lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu fangegard – vreid

Loading...

det kom som lynnedslag, gjekk som skred
den gangen det slo oss ned
det overmektige mange
no går det langsamt – atter vår
og noreg er ein fangegard
kvar nordmann er ein fange
usynleg piggtråd tett i tett
spent ut i eit forgreina nett
om skritt, om ord, om tankar
ja, du kan sitta fast ein dag
om berre dine hjarteslag
for openhjartig bankar
kvar nordmann er i fangeskap
for den som har med ærestap
kjøpt friteikn frå tyrannen
er ikkje nordmann meir,
men sjølv
ein vaktar
eller vaktars trell
med trellens teikn i panna
men dei skal hugsast – bli ein sum
som kviler i oss, tung og stum
og vel kan overmakta
få lært ein modig fot å gå,
men alder norske hjarter til å slå
i denne fengselstakta

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...