
skreddartimen - auf lyrics
når mørker seig om landet og sol i havet søkk
då vart det skreddartime, då stansa jarn og rokk
då tokka alle stolar seg i ein liten ring
og gamle folk fortalte kring grua mange ting
då lyddest løgne risper og stev og ymis trall
og unge augo glytte i hel og himlens hall
* me saknar kubbestolen og gamle åreeld
og dermed trygge freden i seine haustarkveld
me saknar gamle tonar når lyden samla er
me saknar segn og soge frå gammal folkefèrd
for tida ho er endra og folket spreidde fer
og sjeldan ser du lyden ei kveldstund samla er
nei, somme fer på arbeid, på kino og kafé
sekundar og minuttar har laga livet te *
nå lever heile folket på grensa av panikk
og hjarto tidleg sprengjest og nervene slår klikk
eg hadde hug å ropa så vidt om land og strand:
set i din hug og tanke ein kubbestol i stand
og set så denne stolen som ved ein åreglo
og prøv å fange freden som flyg ifrå deg no *!
Random Song Lyrics :
- 8am at 88 radio (interlude) - naturally trash lyrics
- centurião - vanessa do véu lyrics
- remnant - lordk lyrics
- прошлой ночью (last night) - marsianin lyrics
- y aùn sin voz querìa expresar con gestos y aleteos algo - chancho en piedra lyrics
- where'd you go - conor ross lyrics
- gang shit #5 - kepler (z-17) lyrics
- na wynos - pazzy lyrics
- walden - rainfield lyrics
- fearless - seven spires lyrics