
mellom bakkar og berg - glittertind lyrics
Loading...
mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim
der han sjølv heve tuftene grave
og set sjølv sine hus oppå deim
han såg ut på dei steinute strender
det var ingen som der hadde bygt
“lat oss rydja og byggja oss grender
og så eiga me rudningen trygt”
han såg ut på det bårute havet
der var ruskut å leggja utpå
men der leikade fisk nedi kavet
og den leiken den ville han sjå
fram på vetteren stundom han tenkte:
“gjev eg var eit varmare land!”
men når vårsol i bakkane blenkte
fekk han hug till si heimlege strand
og når liene grønkar som hagar
når det laver av blommar på strå
og når netter er ljose som dagar
kan han ingen stad venare sjå
Random Song Lyrics :
- losing you - mavins, johnny drille & magixx lyrics
- testamentti - vesala lyrics
- boys and girls reggae (doing the rehgae) - phyllis dillon lyrics
- ultraviolet - rini lyrics
- cô bé ngày xưa - như quỳnh lyrics
- dancer - choking on existence lyrics
- greuceanu - phunk b lyrics
- quanto vale - pordinero lyrics
- versatile flow - noskrew2 lyrics
- canciones de amor - resi & davo badass lyrics