
den svarte stien - liksminke lyrics
vegen mot fjellet var lang og smal, og knapt ein veg i det heile
han var meir som ein sti, med tjukk, svart skog på begge sider
vinden var kald og kviskra trugande ord i øyret til mannedaud, og bakken var like hard og frosen som den sorgsvarte sjela hans
han kunne knapt skimta lyset frå månen, for den mørke himmelen var dekka av svarte ramnar som flaksa over hovudet hans
han gjekk og gjekk
skogen vart tettare og mørkare, og stiеn vart smalare og kaldare
han skimta ein gard, så еinsam og forlaten, der inne i skogdjupet. garden hadde ein gong i tida husa ein kristen stakkar og ætta hans, men dei var ikkje dugande folk. mannedaud og rallaskrømten hadde jakta dei ned og drepe dei, og mannedaud hadde skore blodørn på den kristne stakkaren
etter at han hadde gått ei stund, såg han det storfelte fjellet reise seg langt der framme i horisonten
fjellet husa ein grufull ondskap frå fordums tid, ein ondskap som hadde blitt vekka då rallaskrømten steig ned frå den mørke trona si i nord og kalla desse skapningane til seg
Random Song Lyrics :
- neckromance - kung fu vampire lyrics
- perish song - trickywi lyrics
- good波 (goodnami) - pain (jpn) lyrics
- angels - warrant lyrics
- youdon'tknowhowifeel - izuko izuko lyrics
- tropfen - yinmon lyrics
- god's work - ranger andy lyrics
- mia - forrest nolan lyrics
- newphase. - whodemboyz lyrics
- coqueta - el osito wito lyrics