
nordfjordnatt - odd-erik lothe lyrics
Loading...
det e natt over fjella ved fjorden
månen henge på himmelens rand
som eit auge som våke i natta
held han vakt i eit sovande land
i august finne mørket tilbake
då får stjernene lyse i fred
då blir stillheten dobbelt så stille
og kvar draum dett umerkelig ned
kjenn ein vind full av angrande summar
det e ingenting som e forbi
alt e her, berre låst inn i natta
alt som svermar har no funne hi
eg har reist vekk og ikkje tenkt meire
på alt det eg reiste i frå
no e tankane større og fleire
når ei nordfjordnatt ikkje vil gå
det e natt over bygda ved fjorden
i det svartstille seglar ein båt
han stryke forbi kjølsdalsneset
og forsvinne der månen blir våt
writer(s): odd erik lothe
Random Song Lyrics :
- солдат (soldier) - козачок (kozachok) lyrics
- crazy frog - vkie lyrics
- amnésie / bad mood - yung g (fra) lyrics
- strength - unto others lyrics
- невеста (bride) - dorofeeva lyrics
- bandit - taystation lyrics
- ksst-97 - london kees lyrics
- vízcsepp - srichi lyrics
- fan behaviour - willow botanica lyrics
- piss drunk kids - blackstarkids lyrics