
solrenning sæle - the apex singers lyrics
Loading...
solrenning sæle, som stiller all lengsel
når vi guds einborne ser som han er!
sælt når forløyste frå naud og frå trengsel
innseglet hans på vår panne vi ber!
når ifrå tallause ætter og grender
yrjande mengder som stjerner å sjå
står omkring lammet med palmar i hender
reine som snø og med solklednad på!
livsæle lagnad! hjå herren å tjelde
der ikkje hunger og torste oss når
der som det aldri kjem kveld eller elde
dagen og året er morgon og vår
lammet er hyrding, og nygroren angar
vârt han oss vaktar og føre oss vil
fram til guds kjelder og ljuvlege vangar;
tåra er turka i sol og i smil
Random Song Lyrics :
- home - sakanamon lyrics
- got dvmn yacht - 5am brown lyrics
- merry - ヨネコ [yoneko] lyrics
- not the same - copper fitty lyrics
- my conscience - aidyndahustl3r lyrics
- shakedown - sofi gev lyrics
- your eyes - orax lyrics
- бегство (runaway) - ##### (5diez) lyrics
- stay with me - tupperwave lyrics
- two wing three - vincenzo torsiello lyrics