
spor av glør - vamp lyrics
Loading...
i praha tar du på deg nettingstrømper
og eggjer meg i prismekroners glans
mens skuggane blir levande på veggen
så danser du ein heftig flamedans
i wien les eg linjene i handa
og sveiper deg i svarte enkeslør
bak stengde dører veit eg du kan tåla
ei iskald einsemd skapt av engleklør
i münchen vil du mana meg til glømsel
og maler munnen raud med leppstift
så mine uskyldauge aldri sansar
den kalde, mørke viljes sterke drift
i stockholm søv du trygt på silkelaken
eg smør deg varsomt inn med blomeeim
fortapte skal med slokkast i kvarandre
to trøtte sjeler som vil lengta heim
men her – så kan eg berre slokka lyset
snu ryggen til og kviskra eit “godnatt”
i florlette gardiner kveles elden
og alle spor av glør har vinden tatt
Random Song Lyrics :