lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu elva – blodsmak

Loading...

[vers 1]
det driv ei elv stille gjennom sivet
som aldri tørsta di slokke kan
mørk og kald renn ho gjennom livet
og vi skal kryssa ho alle mann

[chorus]
å rygg så svak tunge åretak
alt det du har skal forfalle
i mørke kveld, vil ho ta di sjel?
elva er djup nok for alle

[vers 2]
og denne elva renn djup av draumar
som det aldri blei noko av
salte dråpar i strie straumar
som vil fylle opp alle hav

[chorus]
å syndeflod ditt hjarteblod
ingenting får du behalde
i mørke natt vil ho ta deg fatt?
elva er brei nok for alle

[break – solo]

[vers 3]
det står ein kar der på andre sida
han ventar tålsamt på kvar og ein
han tek di bør, så du slepp å lida
no får du kvila deg under stein

[çhorus]
å tomme ord og tårespor
har vi eit svar når ho kalle?
å ferdamann vil du ta mi hand?
elva har pl-ss til oss alle

[chorus]
å solefall i natta kald
alt det vi har skal forfalle
med lagnadsmakt blir vi alle brakt
elva lev lengst av oss alle

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...