lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu blåbær-li – edvard grieg

Loading...

nei sjå, kor det blåner her!
no må me roa oss, kyra!
å nei, slike fine bær
og dei, som det berre kryr a’!
nei, maken eg hev kje set!
sumt godt her er då tilfjells
no vil eg eta meg mett;
her vil eg vera til kvelds!

men kom no den bjønnen stor!—
her fekk bli rom åt oss båe
eg torde kje seia eit ord
til slik ein røsjeleg våe
eg sa berre: ver so god!
no må du kje vera bljug!
eg lêt deg so væl i ro;
ta for deg etter din hug

men var det den reven rau
so skuld’ han få smaka staven;
eg skulde banka han dau
um so han var bror til paven
sligt skarve, harmelegt sleng!
han stel både kje og lam
men endå so fin han gjeng
hev korkje agg h-ll skam

men var det den stygge skrubb
so arg og so hôl som futen
eg tok meg ein bjørkekubb
og gav han ein god på snuten
han reiv sund sauer og lamm
for mor mi so trådt og tidt;
ja sant! um han berre kom
skuld’ han so visst få sitt

men var det den snilde gut
der burte frå skare-brôte
han fekk vel ein på sin trut,—
men helst på ein annan måte
å tøv, kva tenkjer eg på!
det lid nok på dagen alt …
eg må til buskapen sjå;
ho »dokka« drøymer um salt

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...