lirik lagu ved gjætle-bekken – edvard grieg
du surlande bekk
du kurlande bekk
her ligg du og kosar deg varm og klår
og sprytar deg rein
og glid yver stein
og sullar så godt
og mullar så smått
og glitrar i soli med mjuke bår’
å, her vil eg kvila, kvila
du tiklande bekk
du siklande bekk
her gjeng du så glad i den ljose li
med klunk og med klukk
med song og med sukk
med sus og med dus
gjenom lauvbygd hus
med underlegt svall og med svæving blid
å, her vil eg drøyma, drøyma
du hullande bekk
du sullande bekk
her fekk du seng under mosen mjuk
her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store fred
med svaling for hugsott og lengting sjuk
å, her vil eg minnast, minnast
du vildrande bekk
du sildrande bekk
kva tenkte du alt på din lange veg?
gjenom aude rom?
millom busk og blom?
når i jord du smatt
når du fann deg att?
tru nokon du såg so eismal som eg?
å, her vil eg gløyma, gløyma
du tislande bekk
du rislande bekk
du leikar i lund, du sullar i ro
og smiler mot sol
og lær i dit skjol
og vandrar so langt
og lærer so mangt …
å syng kje um det, som eg tenkjer no
å, lat meg få blunda, blunda!
lirik lagu lainnya :
- kumpulan lirik lagu black lavender › lirik lagu queen bee – black lavender
- kumpulan lirik lagu farrah abraham › lirik lagu holly jolly christmas – farrah abraham
- kumpulan lirik lagu no love for the middle child › lirik lagu wake up – no love for the middle child
- kumpulan lirik lagu freddy g swees › lirik lagu forget my number – freddy g, swees
- kumpulan lirik lagu 嵐 arashi › lirik lagu 台風ジェネレーション -typhoon generation- – 嵐 (arashi)
- kumpulan lirik lagu the pastels › lirik lagu she always cries on sunday – the pastels
- kumpulan lirik lagu tenshi › lirik lagu запах слез – tenshi
- kumpulan lirik lagu subjected to infinity › lirik lagu the alchemist – subjected to infinity
- kumpulan lirik lagu jombie x tkan x bean › lirik lagu cafe không đường – jombie x tkan x bean
- kumpulan lirik lagu vilemass › lirik lagu drilled by bullets – vilemass