lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu augneblink – ine hoem

Loading...

[tekst til “augneblink”]

[vers 1]
ein augneblink eit flyktig ord
smak av himmel, salt og jord
nakkekast, hoftevrikk
blaff av sorg, eit lite stikk
av det som var, men ikkje er

[vers 2]
eit kort sekund da allting skjer
streif av smil som fort forsvann
fryd som trassar all forstand
minne frå eit anna land
som enno er, som enno er

[refreng]
når eg ser deg i ei framand gate
da hoppar hjartet, tanken blir still
da veit eg det er her vi høyrer til

[vers 3]
ein augneblink eit flyktig ord
vengeslag og harespor
augneblink, eg kjem til deg
du ser vel at eg skundar meg?
eg må snart gå
var det meg du venta på?
[refreng]
når eg ser deg i ei framand gate
da hoppar hjartet, tanken blir still
da veit eg det er her vi høyrer til

i ei framand gate
da hoppar hjartet, tanken blir still
da veit eg det er her vi høyrer til

[instrumental]

[refreng]
når eg ser deg i ei framand gate
da hoppar hjartet, tanken blir still
da veit eg det er her vi høyrer til

i ei framand gate
da hoppar hjartet, tanken blir still
da veit eg det er her vi høyrer til

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...