lirik lagu makta og vanæra, for all tid – ivar bjørnson & einar selvik
“ingen pliktar å velje ei einsleg sanning
men ein skuldar seg sjølv å sjå
med åpne augo
bak alle dører
og bak dei mørke forheng
korfra svart skodde sig
også desse hjørna må vitjas
før ein kan sei ein har vald
spegelen gjer tilbake
alt som er gjeven
og fortel ingenting
om flata alt er måla
den som tek vekk det levde
som set inn det skrevne
må sjå sitt minne døy for sterkare penn”
der mange såg
skal no ein blind leie
(i di tid)
der elskande lo
skal no dei gamle sørga
(i ditt namn)
at jorda rik av dauden vert
er ikkje lengre hevda
(i di soge)
tørka opp og gjøymd vekk
mørkrets hemmelege gåver
(i di kyrkje)
dei ber fram
ein far for alle borna
(i di tid)
ein som gløymer dei
som ikkje herskar
(i ditt namn)
sjå, dei gøymer seg
bak flammar og klede
(i di soge)
og sanninga vert knyta
til hengeløkker
(i di kyrkje)
makta og vanæra
i all tid
er di, og (du) er gløymd
for all tid
høyr tekstar om vern og skjold
gjeld berre eiga makt
(i di tid)
dei bygga tårn av lika
for nærare å komme
(i ditt namn)
ein vinnar i ord
av slag som aldri sto
(i di soge)
ein tenar i svovel
ein herskar i kjøt
(i di kyrkje)
dei vil så gjerne sjå
og blindast av ljoset
(i di tid)
sleper på et arv
som ingen ville ha
(i ditt namn)
kjenner ikkje att
sitt eige indre eg
(i di soge)
fryktar for skugge
og fryktar for spegl
(i di kyrkje)
makta og vanæra
i all tid
er di, og (du) er gløymd
for all tid
lirik lagu lainnya :
- kumpulan lirik lagu driplee › lirik lagu want me around – driplee
- kumpulan lirik lagu the werks band › lirik lagu drop – the werks (band)
- kumpulan lirik lagu belen mallada › lirik lagu háblame de ti (costumbres) – belén mallada
- kumpulan lirik lagu gezebelle gaburgably › lirik lagu stop worshipping attractive people – gezebelle gaburgably
- kumpulan lirik lagu ryleonna › lirik lagu mindless – ryleonna
- kumpulan lirik lagu huge l fi › lirik lagu suojelusenkeli – huge l (fi)
- kumpulan lirik lagu gary wilson › lirik lagu and then i kissed your lips – gary wilson
- kumpulan lirik lagu u blue › lirik lagu private johnson’s dishonorable discharge – u blue
- kumpulan lirik lagu bawl › lirik lagu modelshit – bawl
- kumpulan lirik lagu samamba brasil › lirik lagu folha de pitanga – samamba brasil