lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu slaget – mistur

Loading...

natti låg ljos øve fjell og fjord
i måneskin, ei bukt praktfull og stor
i åsen sat to grannar ved eit bål
og tala i kveldingi med døyvde mål

dei minnast dan tunge kveld
då gardane vart lagt øyde med spjut og eld
dei vart so døypte til kvite-krist
ei hending dei endå ottast so trist

ikkje skulle noko med deira ætt skje att
og grannane var klare der dei sat
mørket senka seg på dan vie himmel
og bålet deira slokna so henn

ei rørsle på fjorden grannane skimta
det vart stille mellom dei mektige fjell
ei redsle spreidde seg då fleire fekk vita
noko var på ferde, kven var på veg

det lei mot natt og eit følgje sigla inn
eit koldt gys øve fjorden sitt sinn
ingen fleire skulle brenna deira gard
so sverdi vart kveste og skulle trast gje svar

i hedensk tru dei skunda seg fram
i dei djupaste skogar og kvitkledde mark
med hammaren om bringa og sverd i hand
vart følgje slakta før dei kom seg i land

det vart raudt på fjorden dinna hiskne kveld
og skipi dei stod i ein lågande eld
odin synte seg bak kvitkledde fjell
og iakttok synet av siger og h-ll

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...