lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu det fine som kan bli – odd nordstoga

Loading...

enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli

enno er det før det snur, og alt vender heim til dit det bur

alltid er det slik at juni legg opp det juli skuslar bort

og mykje skal til for å innfri alt det ungar skulle gjort

snart skulefri det ligg der som ein billett til paradis

men du veit du skuffar når paradis er arendal og is

men enno er det tid…

eg såg for meg at du og eg snakka fritt ved eit bord ein stad

men ein blygsel av å kjenne for godt kom og luka i det me sa

så nok køyrer me til kysten til den sommaren me har lagt

og det er headset baki og frammi er det på radioen det blir sagt

ein kjenner godt at dei glir ifrå dei ungar som ein fekk

me skulle bygg eit slott, ei borg, men ei havn er det me rekk

snart er det berre nåde for den barndomen me gav

som er den bøn me kan sende til gud veit kor dei blir av

men enno er det tid…

men det slepper aldri, det slepper aldri at noko heng i hop

at om krigen kom med kuler og krut så var me i sama grop

og når himmelen blir slik himmelen er når havet møter land

i kupeen inn stryk ein forsoningsvind som syng; det kan gå an

for enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli

enno er det før det snur og alt vender heim til dit det bur

lirik lagu lainnya :

YANG LAGI NGE-TRENDS...

Loading...